onsdag 2. september 2009

Skuleårets første fri-onsdag


















I dag var det sesongens første skikkelige frionsdag, og det markerte dei to yngste og eg med ein tradisjonell skogsvegtur. Det var mykje fint å sjå i skogen, og eg trur det må vere rekordår for sopp med alt det regnet som har vore. Turmålet vårt var Trollskogen, eller Kriken, som det eigentleg heiter. Der skulle ungane leike "gøyme-og-leite" med hunden Bau. Minstemann gøymde seg så godt at ingen av oss fann han, og han visste ikkje kvar han var sjølv eingong. Då eg ropte til han og spurde om han hadde gått seg vill, svara han: "ja, ej he gått mej vill, men ej lika mej her!"

2 kommentarer:

  1. Den guten har ein "replikk" som ikkje er betalt med pengar. Godt at du skriv det ned på bloggen, så ikkje perlene går tapt.Det er visstnok rekordår for sopp i år,dessverre er eg forhindra i å delta i plukkinga. Men sjølvplukka kantarellar brukar eg å få servert hos ei veninne, og det er berre nydelig!

    SvarSlett
  2. Livsfilosofien hans er beundringsverdig!

    SvarSlett