søndag 13. september 2009

Slapp - eller avslappa?




Det er rart kor ein ven seg til ting. I dag har eg hatt berre dei to yngste ungane i heimen, og det er veldig uvant med halvert familie. Mykje av tida har dei leika hundar, inspirert av gårsdagens filmar, og det har vore eit visst press på Gamla om at dei no er klare for ein ny hundekvelp.

De kan tru eg vart letta då dei fann seg eit alternativt kjæledyr: larven Larry. Han fekk gjennomgå mykje før han endeleg vart sett fri. Etterpå har dei leika i "jakthytta". Eg dreg av prinsipp ikkje med meg ungar på tur dersom dei leikar så fint ute på eige initiativ- ungar er nok organiserte i kvardagen! Sjølv har eg hittil stort sett gjort hus- og skulearbeid, men eg satsar på å få gå meg ein lang tur eller to når Gubben kjem att. Vi har ei halv kake att frå i går, og eg treng å opparbeide litt appetitt...

3 kommentarer:

  1. No kom eg på dei før så populære Oldemorbøkene. Har du lese dei til ungane?

    SvarSlett
  2. Forfattaren heiter Ingvar Moe(han er død), bøkene heiter Heia oldemor og Oldemor rock.Ungane på skulen likte i alle fall den første veldig godt, hugsar ikkje om eg las den andre.Dei handlar om ei oldemor som oppfører seg som ein liten bortskjemd unge, og finn på/ er med på dei villaste ting.

    SvarSlett