tirsdag 15. september 2009

Tap og vinn med samme sinn?


I fleire aviser har ein kommentert Carl I Hagens utsegn om at Sponheim var ute av Stortinget. Partiet Venstre kom under sperregrensa, og stortingsgruppa deira vart redusert til to representantar, noko som vidare førte til at Sponheim annonserte sin eigen avgang som partileiar til våren.

Eg er ikkje så begeistra for Lars Sponheim, men det står respekt av ein del standpunkt han har stått fram med i valkampen. At Carl I Hagen var så frekk at han direkte godta seg over den andre sitt nederlag, seier sitt om kva aksept det har i FrP å heve seg over politiske spelereglar og folkeskikk.

Mykje av grunnen til at det raud-grøne fleirtalet heldt seg oppe, var inntrykket av kaos på den "blå-grøne" sida. Eg fryktar for at det vil vekse fram ei stor, blå blokk på høgresida til neste korsveg. Sentrumsalternativet verkar uaktuelt slik stoda no er. Dette er litt synd, for "blå-grønt" er eit langt betre alternativ enn "mørkeblått".

4 kommentarer:

  1. Eg beundra Sponheim for at han var så beintfram og ærleg at han ikkje "smiska" med høgre og SV. Synest det er trist at han måtte gå. Vi kan vel i grunnen takke HAN for det raudgrøne fleirtalet? Blått er gale nok, men Sponheim sa rett ut BRUNT! Eg elskar slike frekke folk!.Heia Sponheim! Synd han ikkje vil vere i lag med dei raude.

    SvarSlett
  2. Retting Ikkje SV-men Frp. Sjølvsagt.Har visst gått surr i alfabetet.

    SvarSlett
  3. Ja, han er ikkje så verst frekk Sponheimen sjølv heller. Eg synest politikken skal kome i fokus, og synest at "billege" retoriske poeng ofte øydelegg for den saklege diskusjonen. Ein ser det spesielt godt når Carl i Hagen valnatta kom dragande fram att med det forslitte uttrykket "ARK", som var eit slikt retorisk poeng som dei vann veljarar på for nokre år sidan.

    SvarSlett
  4. Der er eg heilt samd med deg.Det virkar nesten som om dei er redde for å ta opp kontroversielle spørsmål i redsel for å tape veljarar.Og når alle snakkar nesten berre om eldreomsorg, kan ein ikkje vente at ungdom engasjerer seg. Og kva er "ein betre skule" og "Betre" ev gode lærarar? Dei må lære seg å vere meir konkrete og få fram grunnsynet/ideologien sin.Får du mailane mine? Eller er maskina i uorden?

    SvarSlett