Nummer 3 og eg sit klistra og ser "Sound of Music" - eg lurer på kor monge gongar eg har sett den sidan eg såg den på kino i barndomen saman med nabovenninna. Ho hadde dessutan plata, så songane kan eg. Til ikkje så veldig stor glede for resten av familien, som må lide seg gjennom mine Julie Andrews-imitasjonar. Når eg er stressa eller frustrert, eller på annan måte treng å utagere, stemmer eg nemleg rett som det er i med "the hills are alive..." Og eg manglar talent, ser det ut til.Filmen er uansett "one of my favourite things", og eg frydar meg over den søte romansen mellom Liesl og Rolf, den sukkersøte vimsa Maria og den strenge enkemannen...
Mennene i huset sit med data og headset.










På bryllaupsnatta vert det avslørt at bruda ikkje er jomfru, og ho vert pressa til å fortelje kven "den skuldige" er. Ho slengjer berre ut eit namn, men lokalsamfunnet samlar seg bak blodhemnen som må til for å gjenopprette æra til familien.