lørdag 2. januar 2010

Havari i ti minusgrader


Det har vore ein kald dag med ein del lite planlagt uteliv for min del. På veg ut til butikken viste det seg at kjølevatnet var frose, så Gubben måtte tilkallast. Eg var sjølvsagt ikkje kledd for å stå ute og vente i ti minusgrader, men kom meg heldigvis til butikken såpass eg fekk handla og sett meg ned inne. No har eg lært at det er noko som heiter frostvæske, som det er lurt å fylle på dersom det er så kaldt som det er no.

Elles har det blitt aking både nedover og oppover bakken til naboen, og det blir kanskje ein sparktur seinare i dag, når tærne har tina.

1 kommentar:

  1. Trasig å plagast med bilen i kuldegrader. Eg er så heldig at Besten brukar bilen min av og til og ser om noko er gale. Han seier at eg må sjå på temperaturmålaren...
    Godt nytt år til dykk alle!
    Eidabesta

    SvarSlett