fredag 1. januar 2010

Bok 1 2010: "Pinnsvinets eleganse" av Muriel Barbery


Det nye bokåret vart innleidd ved at eg las gjennom den siste CD'en av denne franske romanen frå 2007.

Ei 54 år gammal, stygg og uinteressant portnarkone i Paris har ein løyndom: ho er oppteken av musikk, kunst og film. Denne eg-personen vert supplert med ein annan eg-person; ei tolv år gammal rikmannsdotter  som bur i det huset der Renée er portnarkone. Den ytre handlinga i boka dreiar seg ein del rundt møtet mellom desse to, men det er først og fremst dei refleksjonane dei begge gjer seg som gjer dette til ei nydeleg bok det er vel verd å lese. Denne gongen har eg faktisk frivilleg lytta til nokre av spora fleire gonger for å få følgje refleksjonane og filosoferinga fullt ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar