lørdag 16. januar 2010

Fredag og førtiårsfeiring

Fredag kveld var eg med og feira ei av Superdamene på jobb, som vart førti tidlegare i veka. Jubilanten er ei fantastisk dame som det er verd å feire, og med trivelege gjester og god mat vart det ein strålande kveld med mykje latter og god prat. Å seie at "life begins at forty" er å overdrive, men slike runde dagar gir rom for ettertanke om kva som er viktig i livet. Venskap er lett å nedprioritere i ein hekstisk kvardag med familie og jobb som krev og gir ein mykje, men slike kveldar minner ein om kor viktig det trass alt er å ha eit liv utanom også. Det kan bli mykje jobbprat når mange er kollegaer, men det er også godt å ha venninner som har ein del av dei same utfordringane som ein sjølv står i på jobben.

Eg takkar M igjen for å ha arrangert ein kjempekoseleg kveld, og dei andre takkar eg for triveleg lag!

1 kommentar:

  1. Og når ein ser tilbake, skulle ein gjerne ha vore 40 år ung.........og pensjonist.DET går berre ikkje i hop.

    SvarSlett