fredag 1. januar 2010

Den første dagen i det nye året




Kuldegrader og skyfri himmel - igjen! Dette er ikkje typisk julestemning her på desse kantar, men vi nyt det desto meir. Nummer 3, som stadig legg seg føre i snøen, hadde besøk av ei venninne, og dei var ute i over fire timar i strekk. Minstemann og eg tok med oss ein hund på sparktur. Det vart ikkje teke bilete av dette, sidan det var grusomt kaldt å ta av seg hanskane for å fotografere.

Dei to eldste laga middag i dag, og det smakte himmelsk med noko så lite "julete" som taco.

1 kommentar:

  1. Ha! Ha! Vi hadde også Taco i dag! Og alle tykte det smaka godt med noko som ikkje var så veldig "julete".-Vi hadde både mais-wraps, fullkorn-wraps og pitabrød.Det var eg som lokka Rasmus til å kjøpe fullkorn, og han likte det veldig godt.Og så vart det litt sunt også.

    SvarSlett