onsdag 13. januar 2010

Tjuandedags-Knut og ein lang tur ut




Fridagen har gått med til ein del rydding i heimen, der vi blant anna tok vekk julepynten (eg plar følgje gammal skikk med utjaging av jula 13. januar). Deretter tok vi oss ein sparktur med hundane innover Geislida. Sparkføret er framleis fantastisk, og det er ikkje mykje sand på vegane. Etterpå vart det aking saman med naboungane, og no i kveldinga skal to av ungane på fotballtrening. Skritt-teljaren min nådde målet på 10000 lenge før middag, og eg lurer på kva den ville ha vist dersom ein av ungane hadde den på...

5 kommentarer:

  1. Herlig å vere ute når ein ikkje frys.Merkelig at det skal vere så mykje kaldare i Nordfjord enn her. På Byrkjelo har det vore nede i minus 25 ! Litt mildare no, så vil eg ha ut sparken. Dokke skulle eigentlig hatt to.

    SvarSlett
  2. Vi har farfar og tante M sin gamle sparkstøtting!

    SvarSlett
  3. Då kan dei ikkje ha sparka så mykje. Vi kasta fleire gamle, utslitne sparkstøttingar for nokre år sidan.Dei er ganske dyre å kjøpe nye no, i forhold til før.

    SvarSlett
  4. Så morsomt å se at det faktisk finnes flere som holder på den tradisjonen. Bestemor pleide å ha jul til 20. dag og den tradisjonen har jeg beholdt. Vi pynter 23.desember og har julen til 13.januar.

    Fine bilder!

    SvarSlett
  5. Ein skulle tru det vart nok tidsfristar og reglar å forhalde seg til på jobb...

    SvarSlett