tirsdag 19. januar 2010

Skøyte-shopping

Dagens cafédate var på Landscape, men Gamla hadde lagt att minnebrikka i bilen, så det vart ingen bilete frå måltidet. I staden legg eg inn eit bilete av innkjøpa eg gjorde etterpå, medan Nummer 3 dansa. Nummer 2 fekk nye skøyter, så no kan vi ønske oss mykje kulde framover. Og så har vi ny kjøpt ny kjøkkenduk, så den raude hjarteduken kan leggast vekk (synd, eigentleg, for den var fin den òg).

Eigentleg hadde eg tenkt å kjøpe nye skøyteski til Nummer 2, men det var dei lens for på butikken. Det betyr meir shopping ein annan dag. Huff, så leit...

1 kommentar:

  1. Vi kjøpte eit par skøyter til bror din ein gong dei skulle på skuletur til Vatnevatnet. Dei vart brukte ein gong. Selde dei vidare til ein kollega.Håper vi får meir kulde, om enn ikkje så kaldt som før. Sparkturen i går gav meirsmak.
    Det såg veldig kjekt ut på Bjørkedalsvatnet.

    SvarSlett