tirsdag 26. januar 2010

"About a Boy"

I tekstboka til faget Internasjonal Engelsk finn vi eit utdrag frå romanen "About a Boy" av Nick Hornby. Akkurat det utdraget er ikkje med i filmatiseringa, men vi tok oss likevel tid til å sjå filmen, som har den norske tittelen "Gutter er gutter". Den er berre utruleg søt, og inneheld mykje lettfatteleg livsvisdom. Hugh Grant spelar hovudpersonen Will, som er ein singel livsnytar med god økonomi og et kynisk syn på kvinner. Favorittreplikken min er kommentaren til sitatet "no man is an island" (som han trur er skrive av Jon Bon Jovi): "I am an island. I am Ibiza."

Undervegs møter Will 12 år gamle Marcus, som er prega av ein oppvekst saman med ei depressiv hippie-mamma. Filmen handlar om møtet mellom desse, og korleis dette pregar Will.

Kanskje er det heile enkelt og banalt, men det fungerer fint som ei påminning om kva som er viktig i livet. Dessutan er det glitrande skodespelarprestasjonar, nokre uventa løysingar og mykje humor i denne filmen. Med engelsk teksting og oppgåveark til blir det undervisning av det òg.

3 kommentarer:

  1. Har lese 2-3 bøker av denne forfattaren, men ikkje denne boka.
    Eg har likt bøkene hans, sjølv om eg neppe høyrer til "målgruppa."
    No begynte eg å lure på kva øy er eg-kanskje Øland sidan det er der eg oppheld meg for tida. I BOKVERDA mi.

    SvarSlett
  2. Håper du ikkje er øya i "Øya", i alle fall!

    SvarSlett
  3. Eg har sett filmen. Ein koseleg, litt snill film vil eg seie.

    SvarSlett