Dagens snakkis på ferja og jobben var kulden som er meldt utover i veka. Og mi store bekymring har sjølvsagt vore: korleis skal eg halde ungane mine varme? På den lokale butikken fann eg ei løysing, då dei hadde ullundertøy på tilbod. No i kveldinga har alle tre teke på seg habittane sine for å bruke dei som pysj. Er dei ikkje fine, kanskje? I morgon blir det fleire innkjøp for å kome vinterkulda i møte - både for store og små.
Ullundertøy er eit Must i kulden.Heldigvis er her godt utval i butikkane.Og fine er dei!!
SvarSlettEit tips:Ull under, fleece over gir max varme.
SvarSlettJa, eg har gjeve dei instruksar. Nummer 2 syntest han såg ut som ein ballettdansar, medan dei to hine har teke pledda sine rundt halsen og leika superheltar...
SvarSlettNaboen ringde frå Gran Canaria etter å ha sett bloggen min!
SvarSlettFin ull og fin duk!
SvarSlettDuken må dessverre snart byttast ut med noko mindre julete...
SvarSlett