torsdag 14. januar 2010

Song om månadene

Det er kaldt i januar
snø og is i februar
mars er heller ikkje mild
men det lysnar i april
mai er tida då vi sår
juni alle blomar står
i juli får vi høyet inn
i august vi kornet bind
i september bær på busk
i oktober regn og rusk
i november snøvar det
i desember juletre

4 kommentarer:

  1. Den songen var fast pensum i "gamle dagar" då vi lærte manadane i 2. klasse. Vi brukte også Prøysen sin LANGE song om månadane -eitt vers pr. mnd.Fast programpost på foreldrefestar.
    1.vers:
    Jeg heter januar
    og jeg er svært til kar,
    og kommer jeg så må du ikke gå med nesa bar.
    Men gaver kan jeg gi
    hvis du vil stå på ski
    så strør jeg snø på vei og sti
    i bakkehell og li.
    (Etter hukommelsen.)

    SvarSlett
  2. Ja, eg kunne Prøysen sin frå før, men ikkje denne, som Minstemann har sunge på siste dagane. Det vil seie; han hadde gløymt mai, juni og juli, og det seier vel sitt...

    SvarSlett
  3. Begge er kjende for meg, sikkert frå framføringar i barneskulen. Prøysen sin hugsar eg som kjempelang då eg var lita, ja, men den har vorte kortare med åra.

    SvarSlett
  4. Takk for påminninga om denne, skal ta den på måndag. Sandane skule skal ha kulturkveld i februar, med tema Alf Prøysen, så Året rundt syng vi mykje no. Elevane tykkjer det er så morosamt med Lauvåsen, der det veks gutter...då tek dei litt av!

    SvarSlett