tirsdag 26. januar 2010

Tysdagsvisitt


I dag var ungane og eg på middagsbesøk hos Mormor (blogge-"Besta")og Morfar då Nummer 3 skulle på ballett. Det var ei stund sidan sist, men no blir det berre nokre dagar til vi møtest att. Tidlegare på dag hadde dei to yngste vore til tannlegen, med "null hull" - noko som overraska mora deira ein smule, sidan dei har vore harde på Nugattien i det siste, drikk juice fleire gonger for dag og av og til skulkar tannpussen. 

3 kommentarer:

  1. Det såg både koseleg og godt ut. Ørsta-besten har nok trening i å renske poteter, noko den yngre generasjonen har problemer med - har eg funne ut.
    Eidabesta

    SvarSlett
  2. Han insisterer på å koke poteter med skalet på, så då får han ta arbeidet med å reinske også. Hugsar frå den tid eg var lærar i heimkunnskap, som det heitte då,og elevane skulle prøve å skrelle rå poteter med potetskrellar. Dei var heilt hjelpelause. Noko anna som var umulig, var å piske egg med gaffel (til pensling). Kan aldri hugse at eg hadde problem med slikt.

    SvarSlett
  3. Ungane mine et gjerne poteter med skalet på, dei. Det er visst veldig sunt, og i alle fall arbeidsbesparande.

    SvarSlett