
Mange nemner Austens forfattarskap med eit overberande smil, og meiner at dette er romantiske dameromanar/filmar utan særleg verdi. Vi andre ser at Austen kritiserer kvinnerolla i samtida si, set spørjeteikn ved til dømes arvelovgjevinga og problematiserer arrangerte fornuftsekteskap. I tillegg gir ho oss sjølvsagt ein stor dose romantisk kjærleik, men den er gjerne basert på gjensidig respekt, og hevar seg over konvensjonane i samfunnet.
Filmen frå 2005 manglar etter mitt syn berre ein ting som TV-serien frå 1995 hadde: Colin Firth. Men den har Keira Knightley, Judy Dench og Donald Sutherland, berre for å nemne nokre av dei strålande skodespelarane.
Eg har verdas beste jobb!
Eg stussa ikkje i det heile over overskrifta. Kan hende har eg sett den tittelen før. Har nok lese J A på ein noko overflatisk måte, men det er ikkje vanskelig å sjå ironien verken i tekstane eller filmatiseringane.Å sjå si eiga samtid på den måten ho gjer, er noko heilt anna enn å sjå epoken i ettertid.
SvarSlett