lørdag 3. april 2010

Bok 12 2010: "Pengemannen" av Anne Holt

No skal det seiast med det same:Anne Holt er ikkje blant mine yndlingsforfattarar. Når eg no likevel har lese "Pengemannen", er det fordi den dumpa ned i postkassa då eg vart for sein til å avbestille den, og at eg då bestemte meg for å gi forfattaren ein ny sjanse.

I byrjinga syntest eg boka var spennande. Ei lett utviklingshemma jente har opplevd noko vi ikkje heilt får tak i, og fleire mord skjer utan nokon openberr samanheng. Når brikkene begynner å falle på plass, vert forklaringane meir og meir sære, etter mitt syn. Eg enda faktisk opp med å like epilogen betre enn resten av boka, sjølv om det heile minte om "Berlinerpoplene", på eit vis.

5 kommentarer:

  1. Anne Holt går eg forbi i bibliotekhyllene-likar rett og slett ikkje bøkene hennar.

    SvarSlett
  2. Er det henne eller bøkene? Eg har ofte vorte positivt overraska over krimromanane hennar, men eg liker ikkje å høyre når ho sit og snakkar om dei sjølv.

    SvarSlett
  3. Ja, det er endå verre å høyre henne snakke!

    SvarSlett
  4. Det finst folk som greier å legge om dialekta, men ho knotar forferdeleg. I tillegg gjer ho den feilen at ho analyserer sin eigen litteratur.

    SvarSlett
  5. Eg likar ikkje BØKENE hennar-dama sjølv kjenner eg ikkje. Og ikkje gjer det meg noko at folk knotar- eg er forferdelig å knote sjølv-snakkar slik som dei andre, liksom. Sånn halvvegs.

    SvarSlett