lørdag 3. april 2010

Bok 13 2010: "Ingen reell fare" av Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva var ein gong var musikk- og gymlæraren min, og mi første lærargjerning var eit vikariat for henne ein gong rundt 1990. Det er derfor særskilt interessant å lese tekstane hennar, og denne vesle romanen greidde eg rett og slett ikkje å legge frå meg før eg hadde fullført den.

Eg-personen i boka er ein mann i 50-årsalderen som lever eit ok liv som lege med familie og hobbyar. Så møter han ei kvinne som han innleier eit forhold til, og ting blir meir komplisert. Kona blir mistenksam, mannen bestemmer seg for å bryte ut, men så slit han likevel med at ekteskapet eigentleg er ganske vellukka. I alle fall bekvemt.

Kleiva skriv godt, utan å ta med noko "unødvendig" fyllstoff. Ein let seg drive framover i lesinga for å sjå korleis mannen taklar situasjonen han er i, og ein kan både nikke gjenkjennande og ergre seg over han og dei andre personane i boka.

3 kommentarer:

  1. Ein gong for mange år sidan, mens Rønnaug og eg var kollegaer på Velle gamle, sat vi og snakka om draumane våre. Eg hadde den gongen ein draum om å skrive, Rønnaug drøymde om å skrive, ho også, og om å danse. Ja, ja, somme realiserer draumane sine, andre skriv blogg.Det mest særmerkte med bøkene til Rønnaug er språket.Veit ingen som skriv så god nynorsk som ho. Og ikkje eitt ord for mykje!Denne boka skulle eg likt å lese.

    SvarSlett
  2. Eg og! Ho skriv perfekt nynorsk.

    SvarSlett
  3. Som ein kuriositet kan eg nemne at ho brukte ordet "kleiva" i romanen.

    SvarSlett