fredag 23. april 2010

Bok 16 2010: "Myren" av Arnaldur Indridason

Island er svært i vinden for tida, bokstaveleg tala, og det er eit land som lenge har fascinert meg. Islandsk litteratur har eg lite kjennskap til, utanom ættesogene frå mellomalderen, så eg tenkte eg skulle prøve meg på islandsk krim. Og det fungerte bra, med ei spennande historie løyst av ettarforskaren Erlendur. I motsetnad til den korthogga sagastilen må eg seie at sjølve løysinga på gåta kom tidleg, og at eg syntest det heile vart tvara ut utan at det kom ny informasjon.

Handlinga i romanen er dramatisk nok, men berre indirekte. Det har skjedd både valdtekter og mord, men dei hendingane ligg i fortida. Den direkte handlinga i romanen er stort sett at Erlendur og kollegaene hans dreg rundt og snakkar med folk. Det fungerer greitt, men gjer ingen mørkeredd, akkurat.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese alle bøkene i serien, og eg likar dei. Ikkje fordi det er så veldig spennande,men bøkene har andre kvalitetar.Eg meiner det er gode skildringar av det islandske samfunnet i notid og fortid.Dessutan fortel dei om mange ulike menneskeskjebnar.W.likar også godt desse bøkene.Men som eg før har skrive, saknar eg Erlendur i siste boka. Ingen treng å bli skremt av å lese denne krimmen,nei.

    SvarSlett
  2. Eg ser du har fått tak i den første. Eg har fått tak i dei to siste, så dei får ligge på vent!

    SvarSlett