fredag 30. april 2010

The confessions of a cookie monster

Eg elskar kake. I dei fleste variantar, faktisk. Sjokoladekake, gulrotkake, marsipan - you name it, I eat it. Og i travle jobbperiodar med mykje stillesitjing vert tanken på kake nesten overveldande. Må ha det, berre må ha det. Dess søtare og feitare, dess betre. Gjerne både morgon, middag og kveld, ute som heime.

Ei likesinna kollegavenninne og eg har ofte snakka om "fem om dagen", med sunne alibi som gulrotkake, jordbærpynt og denslags. Sidan bønner er sunt, innbiller eg meg at kakaobønner, og dermed sjokoladekaker, også er det.

Akkurat no har eg dilla på sånne cookies med nøtter og sjokolade i. Nøtter er i alle fall sunt, og jammen trur eg det er noko havregryn i dei òg. Når eg blar fram ein ny stil, tek eg meg ei ny kake. Med 125 elevsvar i løpet av tre veker kan det bli svært mykje kake. For ikkje å snakke om sensuren, då eg skal lese eit par hundre norskstilar til. Kanskje eg bør gå over til gulrot eller druer, eller kanskje cherrytomatar?

Enn så lenge ser eg fram til dagens cafédate og håpar på invitasjon til etterselskap i konfirmasjonshelga...

6 kommentarer:

  1. Du er ikkje lik mor di i dette. Eg er ingen kakemons. Sjølvsagt likar eg kake, men et det berre til selskapsbruk. Men sjå på oss:Kven er den slanke? No lurer eg på om eg skal prøve "Kakekuren" for å få bort overflødige kilo ?
    Elles må eg berre tilstå at no er det tomt for gode kaker i frysaren, men det er ikkje eg som har ete dei opp-ikkje åleine i alle fall.

    SvarSlett
  2. Takk for supre "fredagskafédates" med og utan kake, det er verkeleg eitt av vekas høgdepunkt, og dagens var ikkje noko unnatak!! Betre idé trur eg sjeldan vi har hatt, vonar at timeplanen "lagar seg slik" til neste og komande skuleår også! :0)

    K.

    SvarSlett
  3. Viss ikkje timeplanen "lagar seg slik", lagar vi den slik. Case closed :)

    SvarSlett
  4. Kjære kaketrollet - her er ein frisk variant -

    Appelsinkake
    Ei saftig og smakfull kake! Vil du gjere litt ekstra ut av kaka,
    kan du servere appelsinbåtar utan skinn ved sida av, og pynte med litt melisglasur.
    Denne oppskrifta gir ei kake.

    Ingrediensar:
    3 egg
    1 1/2 dl sukker
    1 appelsin
    1 boks mager kesam
    2 dl kveitemjøl sikta
    1 ts bakepulver

    Slik gjer du:
    Pisk egg og sukker til eggedosis.

    Press safta av appelsinen og riv skalet. Tilsett kesam, appelsinsaft,
    kveitemjøl og bakepulver i eggedosisen og bland saman.

    Hell røra i ei rund form, 24 cm i diameter.

    Steik kaka midt i omnen på 200 grader i ca. 30 minutt.

    SvarSlett
  5. Eg har kjøpt inn ingrediensane og kopiert ut oppskrifta ...

    SvarSlett
  6. Må vente til butikkane opnar att, Odd, men DÅ! Følg med, følg med!

    SvarSlett