tirsdag 27. april 2010

Hvem er redd for Virginia Woolf?

Måndagskvelden var det klart for teater igjen. To kollegadamer og eg gjekk først på kinarestaurant i Ørsta, og deretter på Kulturhuset for å sjå ei framsyning frå Riksteatret. Stykket er kjent, men eg hugsar det som langt meir dystert enn det vi fekk oppleve i kveld. Handlinga dreiar seg om at eit middelaldrande ektepar kjem heim frå fest, og så dukkar det opp eit yngre par som skal dit på nachspiel. Det blir konsumert store mengder alkohol, dansa og krangla og det som verre er. Skodespelarane Anette Hoff, Ingar Helge Gimle, Nils Jørgen Kaalstad og Marian Saastad Ottesen gjorde ein framifrå jobb - spesielt dei to kvinnene. Ei svært positiv teateroppleving, og ein særs hyggeleg kveld.

3 kommentarer:

  1. Det er ikkje så lenge sidan eg såg den gamle filmen med Elizabeth Taylor(?)! Anette Hoff er sikkert eit godt val.

    SvarSlett
  2. Ja, ho spelar ofte forfylla, halvvulgær og ulukkeleg.

    SvarSlett
  3. Hi there! I simply want to give an enormous thumbs up
    for the nice info you might have right here on this post.
    I might be coming back to your weblog for extra soon.

    My website :: korea plastic surgery appearance

    SvarSlett