onsdag 14. april 2010

Pusling

Då Eldstejenta begynte i barnehagen to år gammal, kommenterte barnehagestyraren at ho var svært flink til å pusle puslespel. Både dagmammaen og mora hadde hatt god tid til å sitje saman med henne og pusla Disneymotiv, Karius og Baktus, Europakart og det som verre var.

I går var eg innom ein butikk i eit heilt anna ærend, då ein tanke slo ned i meg ved leikereolen. Kan Minstemann å pusle? Det er ofte slik når ein har ein skokk med ungar, at ein lærer opp den første og let dei påfølgjande søskena gå på sjølvstyr. Det hende dessutan for eit år eller sju sidan at vi kasta alle puslespela i heimen fordi ingen av dei var komplette lenger. Kan det vere mogleg at ein eller fleire i flokken har blitt utsett for puslespelmessig omsorgssvikt?

Eg kjøpte eit puslespel med 104 bitar (og undertittelen "6+") som eksperiment.

Trass i superhelt-dressens ibuande eigenskapar hadde guten mildt sagt lite snøring når det gjaldt puslespel. "Først må vi finne kantbrikkene og hjørna", sa eg, og fekk berre eit forvirra blikk til svar. Han kjende altså ikkje til fagterminologien eingong. Deretter avslørte han at han ikkje forsto prinsippet med inn- og utovervende brikker, eller poenget med å sjå på loket kvar dei ulike dyra og blomane skulle vere. Gamla måtte rett og slett ta fram ein attgløymd porsjon tolmod og setje igang tiltak på eit grunnleggjande nivå:
"Kantbrikkene skal gå rundt kanten, ikkje ligge midt i biletet"
"Fargane på den eine brikka skal passe saman med fargane på den som skal festast på"
"Har Pumba øyrene framom eller bakom tennene?"
"Kvar trur du fiskane skal vere - i sjøen eller i himmelen?"

Det første puslespelet til Eldstejenta hadde bilete av ein elefant og ein ball, og det hadde seks bitar. Synd vi har kasta det.

4 kommentarer:

  1. Kjenner meg så inderlig i slekt med minstemann når det gjeld puslespel, det har liksom aldri vore mi greie. Det er sikkert også ein svikt i min "oppdragelse". Eg ser liksom ikkje korleis bitane skal kome i hop.....unntaket er kart, der eg kan lese namna.Men kanskje han får ei skikkelig a-ha oppleving når systemet går opp for han.

    SvarSlett
  2. Eg har lært at folk kan ha to typar hjerner, dei som legg ramme først på puslespel, og dei som begynner i midten.
    (Eg lagar ramme ...)

    SvarSlett
  3. Det spørs vel litt om ein har fått "opplæring" eller ikkje ? Og kor gammal ein er når ein prøver seg første gong...osb.
    Eg trur eg har litt sviktande formsans..?Veit ikkje kvar i hjerna den sansen er plassert.

    SvarSlett
  4. Det morosame er at eg stod og vurderte eit puslespel med langt fleire brikker i, så det kunne blitt skikkeleg krise. Frå no av skal det puslast dagleg til guten har forstått poenget.

    SvarSlett