tirsdag 20. april 2010

Utsikt mot travle tider

På jobb er dette den mest hektiske tida på året. Heildagsprøver skal lagast og rettast, leselister og eksamensoppgåver skal førebuast og det minkar fort på undervisningstimar. I tillegg er ballettsesongen på hell, så det går mot travle dagar på den måten òg. Det er berre jentene som skal danse til helga, men dei får fire dagar med øving og framsyningar som skal følgjast opp. Som om ikkje alt dette var nok, så er det tida for musikkskule-konsertar. Særleg Minstejenta har hatt ein travel tysdag, og Nummer 2 var flink å gjere all lekse på skulen før han henta Minstemann og tok han med til Volda.

Då vi kom heim, ville ungane slappe av og sjå ein film, og eg ville gå tur. Vi greidde å kombinere.

1 kommentar:

  1. Eg har vorte heilt "årstidsblind". Våren med konfirmasjonar m.m. er brått her. Fotballen er sparka i gong. Olaug heldt konsert for dei gamle på sjukeheimen laurdag, eit greit publikum. Elles er det avslutningskonsertar og ballettframsyningar i juni, trur eg. Tentamenar på 10.-ande ferdig denne veka. Vi forventar ein gebutsdagsinvitasjon til laurdag.

    SvarSlett