tirsdag 13. april 2010

"Vårdag" av Arne Garborg

Vårdag

Å nei, for himil rein og klår!
Å sæle meg, no er det vår!
No spelar liv um land og strand;
å sæle meg, at upp eg vann!


Å nei, for dag vår Herre gav!
So skirt um Fjell, so svalt i hav!
So linn ei luft, so høgt um haug!
Og dette sæle solskinslaug!


Å nei, eg høyrer lerka slå
upp under bleike himilblå;
mot kvelv ho stig med songen sin;
snart når ho visst i himlen inn.


Sjå måken ror frå klåre nut
i stille tak mot have ut;
og fugl det kvitrar, kved og syng
i tun og tre, i lund og lyng.


Og å, som soli lognar trygg
som varmeflaum um barm og rygg!
Og gjenom all den milde dag
det mjuke, salte havsens drag!


Det brydder strå, det sveller knupp,
og sevja stig i tréet upp;
ein dåm det vaknar søt og tung ...
Å sæle meg som er so ung!



3 kommentarer:

  1. I dag fekk vi ein nydelig ettermiddag. Eg har lagt på altanen og lese, og så har eg vore ute og raka i snøen. Garborgs vakre dikt lærte vi å synge på barneskulen. Trur ikkje barn og unge lærer desse klassiske songane lenger? Det er i grunnen litt synd.

    SvarSlett
  2. mine elevar manglar ein syngande lærar, i alle fall.

    SvarSlett
  3. Det var i barneskulen vi lærte alle desse songane, seinare song vi lite og ingenting på skulen.
    Læraren vår var klokkar, vi tykte ikkje han song særlig fint, men jammen lærte han oss mykje.

    SvarSlett