lørdag 1. september 2012

Aktiv laurdag og Aktive Fredsreiser

Fredag kveld måtte eg melde pass når det gjaldt vinklubb, fordi eg hosta og naus og ikkje på nokon måte var i strøk. Noko molefonken sat eg i godstolen og såg tv utan anna selskap enn katten, og til slutt ditcha ho meg ho òg (det var då eg naus på det verste).

Laurdag morgon hosta eg framleis, men energien var nokolunde. Eg starta dagen med å rydde og vaske huset. Deretter gjekk eg meg ein tur langs flat veg, der eg møtte fleire kjende eg måtte prate litt med. Vel heime kasta eg meg over ei ny oppgåve, nemleg å klippe plenen på nedsida av huset. Så var det berre å stupe i dusjen, sette seg i godstolen med ei god bok og kvile seg litt før gjengen kom.

Det er berre dei to små som er her no, for Storegut og faren reiser på aktiv fredsreise saman med ein heil gjeng kjekke folk frå bygda her. Nokre av dykk veit at Eldstejenta og eg reiste på Polentur i 2008, og no er det altså faren sin tur å vere med som føresett. Ikkje mange skular i kommunen reiser på slike klasseturar, så våre born er heldige. Skulen legg opp til eit fagleg utbytte i særklasse, og elevane samlar inn pengar til turen. Storegut skal forresten ha prosjekt om Stasifengselet, der eg tolka omvising i 2008. Eg ser fram til å høyre om turen på Polenkveld seinare i haust.

Det verkar litt rart å ønske nokon god tur til Auschwitz, og ikkje minst å seie dei skal kose seg. Turen blir truleg både morosam og trist, interessant og einsformig, og eg vil berre ønske dei lukke til med alt saman - dette blir garantert eit minne for livet.


1 kommentar:

  1. Det vert det heilt sikkert, og der er kanskje sommar enno. Der er lagt inn nokre pusterom frå elendigheit. Olaug reiser om to veker. Ingen av oss vert med, men der er mange foreldre - og klassestyrarane er med.

    SvarSlett