søndag 16. september 2012

Downton Abbey

Når Gamla er aleine, kosar ho seg ofte med bøker, men òg med innkjøpte DVD-ar (i år forventar eg julekort frå CDON, der eg er storkunde). Sjangrane er fleire og varierte, og ofte ser eg filmar som eg vurderer å bruke i undervisninga. For tida ser eg ein serie som eg ikkje fekk sett alt av då den gjekk på tv, nemleg "Downton Abbey". Den skildrar livet i ulike samfunnsklassar i England tidleg på 1900-talet. I første episode vert Titaniculukka nemnd, så tidfestinga er temmeleg klar. Ein opplever klassemotsetnader og personlege problem, og karakterane vert glimrande spelte av diverse kjende og mindre kjende skodespelarar. Maggie Smith er fantastisk i rolla som enkehertuginna. Førebels er eg midt i første sesong, men her skal det handlast meir!

 Regn og ruskevêr vert mindre frustrerande når ein har gode filmar og bøker.

5 kommentarer:

  1. Eg såg serien på TV, men kan godt sjå den om att etter ei tid. Maggie Smith er fantastisk i alle roller ho spelar, meiner eg.
    Kjekt å få sjå seriar mindre oppstykka, så slepp ein problemet med å gløyme frå eine veka til hi. Fin serie! Dette er det engelskmennene som kan!

    SvarSlett
  2. Eg såg nettopp ferdig siste episode, så Besta kan få låne serien. Maggie Smith hadde eit fint uttrykk: "Stuff that up your pipe and smoke it" :)

    SvarSlett
  3. Dette er ein fantastisk serie! Du bør bli venn på fb, så får du det siste nye...

    SvarSlett
  4. No har eg i alle fall bestilt sesong 2, og noko som heiter "Winter at Downton Abbey". Sånn i tilfelle meir regn.

    SvarSlett