torsdag 23. juli 2015

Bok 68 2015: "Odinsbarn" av Siri Pettersen

Gyldendal skriv:
"Femten vintre gammel får Hirka vite at hun er et odinsbarn - en halelaus råttenskap fra en annen verden. Foraktet. Fryktet. Og jaget. Hun aner ikke lenger hvem hun er, og noen vil drepe henne for at det skal forbli en hemmelighet. Men det finnes verre ting enn odinsbarn, og Hirka er ikke den eneste skapningen som har brutt gjennom portene...
Odinsbarn er original fantasy på norrøn grunn. Et oppgjør med fremmedfrykt, blind tro og retten eller viljen til å lede. Det er den første av tre bøker om Hirka, i serien Ravneringene."

Ariel skriv:
Eg har aldri vore særleg glad i fantasy, anna enn Narnia-bøkene, men eg tenkte eg skulle gi denne ein sjanse. Serien har fått gode kritikkar, og eg tenkte eg skulle halde meg orientert. Eigentleg burde eg ha avslutta lesinga midt i første CD, men eg har lytta ferdig, noko eg er svært letta og glad for. Dette har vore eit temmeleg mislukka leseprosjekt, for boka gav meg absolutt ingenting. Eg hadde heilt sikkert sett meir pris på ei meir realistisk bok frå norrøn tid, basert på historisk korrekte fakta og med vanlege menneske i rollene. Det er vanskeleg å vite om dette har med kvaliteten på boka eller min smak når det gjeld lesestoff å gjere, så eg vel å tru det er meg det er noko "gale" med.

2 kommentarer:

  1. Eg likte heller ikkje boka særskilt godt (rakk heller ikkje å lesa ferdig før biblioteket ville ha tilbake, så eg ga ho kanskje ikkje eit ærleg forsøk), men eg trur at det er meg (og difor kanskje også deg) det er noko gale med. Boka slo meg som eit godt stykke handtverk, verda er velutvikla og interessant, rett og slett berre ikkje min tekopp.

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt sagt! Eg kjenner nokre bokglade som ikkje likar krim, men som godt kan like fantasysjangeren.

      Slett