mandag 13. juli 2015

Miniferie dag 2

Søndagen begynte litt brått og tidleg, då vi skulle vere klar på hundeutstilling på Tresfjord stadion klokka 10 om morgonen. Resultatet derifrå var blå sløyfe, men Charlie vart plassert framfor den andre junioren, som fekk gul. Kritikken var heilt annleis enn sist, og det er alltid interessant å sjå.

Etter utstillinga for vi til Åndalsnes for å ete lunsj, og så spurte eg ungane om dei ville sjå ei stavkyrkje eller Trollstigen. Svaret var: "begge delar" - dermed var planen klar. Turen gjekk først til Rødven, der det ligg ei gamal stavkyrkje som har fått vindauge sett i på 1600- og 1800-talet. Vi fekk eksklusiv omvising sidan vi var dei einaste som var der.

Trollstigen vart eit kapittel for seg. Eg har ein ikkje heilt ubetydeleg høgdeskrekk, og midt oppe i bakken kjende eg at angsten tok overhand. Eg bestemte meg for at eg ikkje ville greie å køyre same veg ned att, og det var heilt greitt for ungane. Dermed kunne vi nyte utsikta då vi endeleg kom opp, noko eg neppe hadde gjort dersom eg visste at eg måtte køyre den vegen nedover. Vi fekk dermed ein fin og lang biltur på Sunnmøre, der vi blant anna fekk sett Gudbrandsjuvet.
Frå utstillinga i Tresfjord

Lunsj på Åndalsnes

Den "nye" kyrkja på Rødven

Rødven stavkyrkje



C4: Christian IV

Sjøgras til minne om eit forlis

Inngang for menn: høgt og smalt

Dagens barn: "Nydeleg, men dødeleg"

Letta sjåfør. Første og siste gong eg køyrer Trollstigen!







Dagens outfit


Gudbrandsjuvet


Suvenir-shopping

3 kommentarer:

  1. Synest du var tøff som køyrde eine vegen! De har vore stader eg ikkje har vore -enno får eg håpe!

    Charlie er fin med eller utan sløyfer!

    SvarSlett
  2. Vi var på veg oppover ein gong, men eg kravde å bli sett av i første sving, så vi snudde.

    SvarSlett
  3. Eg fekk eit mini-angstanfall midt oppi bakken, og spurte då ungane om det var greitt at vi tok ein annan veg attende. Eg kunne ikkje ha sett på utsikta viss eg hadde skulla køyre ned att. No visste eg godt at der var bratt og svingete, men eg var ikkje mentalt budd på at der skulle vere så smalt og så mykje møtande campingtrafikk...

    SvarSlett