søndag 26. juli 2015

Søndagstur i hagen

Dagens prosjekt var å vidareføre skråninga nedanfor plenen framanfor verandaen. Det er eit svært stort område, noko som ikkje kjem heilt godt fram på biletet, og det var mykje arbeid å hakke vekk grastorver og ugrasrøter før sjølve plantinga kunne ta til. Etter ein visitt til ein god kollega kunne vi få i jorda mange stauderøter som med litt flaks og godt stell vil blomstre vakkert neste år. Det blir spennande å sjå kva som vil blomstre når, og korleis fargespelet vil bli. Rosene vi planta for nokre dagar sidan vil truleg blomstre litt i år allereie, så vi får sjå fargane på dei.


2 kommentarer:

  1. Eg og ventar på at dei nye rosene mine skal blomstee. To av dei har kome. Det er merkar meg, er at dei fylte har rotna før dei sprett ut. Håper det ikkje skjer kvart år!

    SvarSlett
  2. Eg kjøpte ei med utspotta rose på dei andre rosene vil også blomstre snart.

    SvarSlett