lørdag 30. mai 2009

Bok 33 2009: "Havfruen" av Camilla Läckberg


Innimellom lesing av eksamenssvar må eg ta nokre pausar for å lufte hundane og hovudet. Då passar det godt med kriminalromanar som denne, og det er nesten slik at eg ser på turane som "løn for strevet". I motsetnad til eksaminandane greier denne forfattaren å halde spenninga oppe, sjølv om eg gissa løysinga på eit ganske tidleg tidspunkt. Vekslinga mellom fortid og notid, og mellom dei ulike personane, fungerte fint også på lydbok. Historia var fengande, og personane vart såpass etablerte at ein ikkje hadde problem med å skilje dei frå kvarandre. Eg må lese fleire bøker av denne forfattaren, det er i alle fall sikkert!

God pinse til alle der ute - sjølv om eg er "stuck" med sensur, er alt så mykje kjekkare når ein kan sitje ute i bikini og gjere mykje av arbeidet. Nokre forsøk på å skrive kommentarar ute var derimot temmeleg dramatiske, for vinden var sterk her i dag. Ikkje noko problem når det er 25 grader, men eit visst problem når ein sit med ein bunke papir. Eg tok det som ekstra mosjon...

4 kommentarer:

  1. Eg har lese alle bøkene Camilla Læckberg har skrive, trur eg, og Havfruen var den beste.Elles er eg ikkje så veldig begeistra; for mykje "small talk" spør du meg. Men fin avslapping!

    SvarSlett
  2. Eg har denne forfattaren til gode, men eg forstår kva du meiner med dei andre.
    Eg har vore på tur i dag, så Øystein har fått "fred". Audun har vaska og Håkon slått plen.
    Rein luksus for meg.
    Det er lærerikt å sensurere, og du får gle deg til pengane.

    SvarSlett
  3. Har ikkje sjekka kor mykje pengar det er snakk om - eg gjer det mest som eit "stunt" fordi det er lærerikt. Er ferdig med 1/4, så eg er godt nøgd. Men det tærar fælt på helsa! Kanskje dei ekstra pengane går med til behandlingar i etterkant?

    SvarSlett
  4. Eg har "blogga" både denne boka+Predikanten og Tyskerungen.Den sistnemnde trur eg var utanom "serien".

    SvarSlett