tirsdag 13. oktober 2009

Bok 58 2009: "Hundre års ensomhet" av Gabriel García Márquez


Somme bøker er så ubegripelege at ein får lyst til å lese dei på nytt med det same. Denne boka blir av mange rekna som det beste dømet på sjangeren magisk realisme, og her må ein verkeleg opne opp for det meste. Sjølve historiene i boka er groteske, morosame og overdrivne, og sånn sett kan ein lese den som god underhaldning. Det eg har problem med, er å sjå kvar forfattaren vil med teksten. Eg veit ikkje nok om latinamerikansk historie til å kunne seie om kritikarar har rett i at boka kan lesast som ein metafor, og eg har problem med å godta at boka berre er surrealistisk, utan noko djupare tyding.

Ein omtale av boka hevda at den er dynamisk, og det er eit spennande perspektiv for eit produkt så avslutta som ei bok er. Eg er i alle fall ikkje ferdig med den. Eller med forfattaren, for den saks skuld.

1 kommentar:

  1. Når eg les bøker eg ikkje heilt forstår tydinga av, kan eg bli frustrert fordi eg forstår at der ER noko-som eg ikkje får tak i.
    Andre gonger tenkjer eg at det er ein variant av "Keiserens nye klær".
    DFå er det at ein kanskje bør seie til seg sjølv:DETTE fekk EG utav den! Eller rett og slett gi opp å forstå noko.

    SvarSlett