torsdag 15. oktober 2009

Bok 59 2009: "Ingen skriver til obersten" av Gabriel García Márquez


Eit eldre ektepar ventar på eit brev der mannen (obersten) skal få løyvd nokre pengar. I mellomtida held dei motet oppe ved å klamre seg til håpet om at ein kamphane skal bringe dei inntekter nok til å leve for.

Boka er meir ei novelle enn ein roman, og den er svært kort (om lag 90 sider). Det er ei tidleg bok, og ei kjelde fortel at forfattaren skreiv den i Paris i 1956, då han sjølv var utan fast inntekt. Teksten er ikkje noko godt døme på sjangeren "magisk realisme", då den er meir realistisk enn magisk, men den er eit fint portrett av menneske som bruker livet sitt til å vente på betre tider.

2 kommentarer:

  1. Eg har som sagt ikkje lese noko av denne forfattaren, men eg likte godt filmen eg såg:"Kjærlighet i koleraens tid", så kanskje eg kan lese dei tynnaste bøkene i papir?

    SvarSlett
  2. Det burde gå bra. Kjekt at du likte filmen - eg likte den òg svært godt.

    SvarSlett