onsdag 14. oktober 2009

Brundalen på frionsdag









Sola skin, det er fantastisk å ha fri og vi har hatt ein koseleg tur i Brundalen. Ungane har hatt mykje moro med å knuse is på dammane, og i tillegg har dei leika med ei daud krede som fekk namnet Torske-Geir (inspirert av Tonje Glimmerdals Måse-Geir). Nummer 3 og 4 leika dessutan at Minstemann var blind, og Nummer 3 leidde han så fint på vegen nedatt medan ho fortalde om alle bratte stup han heldt på å dette utfor.

4 kommentarer:

  1. Heldiggrisane som kan gå på tur. I går var eg ute og hjelpte til med veden, men i dag har eg vore inne det meste av føremiddagen og laga nydelig grønnsak-kjøttsuppe tìl "Høgger´ n". Kor mange ungar har du eigentleg?

    SvarSlett
  2. Ser poenget ditt. Nummer 4 og Minstemann er ein og same person. Vi hadde faktisk ein diskusjon ved frokosten om kven som var storebror, veslebror, storesyster og veslesyster i familien. Dei to i midten har dobbeltroller, og dette fascinerer dei.

    SvarSlett
  3. Eg synest det gjer seg med lyse dagar! Regn er ein ting, men mørkret som følgjer med er verre!

    SvarSlett
  4. Herlige bilde! Det ser ut som ein fin tur, det er godt å vere ute om hausten:) Og av og til er det beste å kome inn og tørke seg og varme seg....

    SvarSlett