torsdag 8. oktober 2009

Då damene drog

Når ein flokk damer reiser saman, kan ein dyrke "dame-sida" i seg på ein heilt eigen måte. Derfor valde vi Mamma Mia då vi skulle kjøpe musikalbillettar. London har så mykje å by på at ein umogleg kan nå over alt. Dess fleire ein er, dess fleire innspel kan det kome. Det var derfor nødvendig for oss å dele oss opp. Fleire hadde vore i byen før, og det er litt trasig viss ein må gjere det same som ein har gjort fleire gongar tidlegare. Fire av oss reiste til dømes til Harrods, der eg har vore tre gonger før.

Diskusjon tek tid, og det kan vere greitt med ein plan på førehand. K hadde sjekka ut det meste om tog til og frå flyplassen og Windsor, og eg hadde bestilt musikalbillettar. Dette sparte oss for mykje tid medan vi var der.

"Höjdaren" på turen var, etter mitt syn , å gå og sjå Mamma Mia siste kvelden. Det var så morosamt, så god stemning i salen og så flott musikk og dans at ein vart i kjempehumør av heile framsyninga.

Som engelsklærar bør eg reise til London av og til for å halde meg fagleg oppdatert. Det synest eg i alle fall sjølv. På eitt eller anna tidspunkt har eg lova ungane at kvar av dei skal få vere med mora (meg) til London. Heldigvis har eg mange ungar.

I heimen hadde ungane rydda, støvsuga, vaska, tent lys og baka kake til eg kom heim. I bloggande stund ligg det ein liten venn i senga mi og ventar på at "verdens beste mamma" skal kome og legge seg. Det kan vere taktisk lurt å reise vekk av og til for å bli ønska velkomen attende - spesielt velkomen blir ein når ein dreg fram gåver og godteri...

Eldstejenta er kanskje den som har sakna meg mest, for ho har vore sjef i heimen medan eg var vekk. Kanskje sakna dei hine meg meir, forresten, for ho er ganske streng.

Neste gong eg reiser vekk, skal eg forresten lære henne å vaske klede først. Eg veit kva eg skal styre med resten av ferien, for å seie det slik!

2 kommentarer:

  1. Etter inspirasjon frå eldstejenta har eg sett gjengen i sving med støvtørking og støvsuging. Heldigvis er her mindre skite etter ei veke med 2 og 3 heime.

    SvarSlett
  2. Kjekt å lese om London-turen.
    Har ei venninne som også har sett Mama Mia i London og var storleg begeistra - ho har også sett den norske versjonen i Oslo, den kunne eg også ha tenkt meg, men må nok nøye meg med filmen, dessverre.
    Men torsdag skal vi på Carmen og det gled vi oss til!
    Eidabesta

    SvarSlett