fredag 9. oktober 2009

Gule og grøne skogar




Sjølv om dagen stort sett har gått med til hus- og skulearbeid, vart det tid til ein tur i skogsvegen med gutane mine og to nabogutar. Det er nydelege haustfargar innimellom regnbygene, men i dag har eg berre hatt veslekameraet, så det vart ein dårleg foto-fangst.

Aktivitetar i skogen i dag var for det meste fekting med greiner, klatring på steinar og klatring i tre. Det var dessutan morosamt å rope til kvarandre gjennom røret i elva. Enkel og billeg moro - og så sparar vi sikkert store summar på å sleppe å bruke rouge...

1 kommentar:

  1. Stussa då eg las om regnbygene ...og måtte spørje far din om han hadde sett regnbyger i dag. Det hadde han, så vidt. Og eg som trudde det hadde vore fint i heile dag. Slik kan det gå når ein ligg med attlatne auge og les lydbok.Misunner alle som kan gå turar i skog og mark!Og hausten kan vere utruleg fin...det er lenge til jul!

    SvarSlett