lørdag 31. oktober 2009

The hills are alive!

Nummer 3 og eg sit klistra og ser "Sound of Music" - eg lurer på kor monge gongar eg har sett den sidan eg såg den på kino i barndomen saman med nabovenninna. Ho hadde dessutan plata, så songane kan eg. Til ikkje så veldig stor glede for resten av familien, som må lide seg gjennom mine Julie Andrews-imitasjonar. Når eg er stressa eller frustrert, eller på annan måte treng å utagere, stemmer eg nemleg rett som det er i med "the hills are alive..." Og eg manglar talent, ser det ut til.

Filmen er uansett "one of my favourite things", og eg frydar meg over den søte romansen mellom Liesl og Rolf, den sukkersøte vimsa Maria og den strenge enkemannen...

Mennene i huset sit med data og headset.

6 kommentarer:

  1. Eg forstår dei!
    Ei av klassevenninnene mine på ungdomsskulen elska denne filmen. Eg hadde vakse frå den. Det er noko med desse tinga du ikkje fekk med deg i rett alder...

    SvarSlett
  2. Denne filmen veks eg aldri ifrå. Heller ikkje "Purple rain", "Blues Brothers", "The Commitments" og ein heil del andre musikk-klassikarar... Men eg vart aldri heilt hekta på "Dirty dancing"...

    SvarSlett
  3. Det spørs kva alder ein er i når ein ser filmane FØRSTE gong. Sjølv minnest eg 50-talet og alle musikalane vi såg då!Hadde sikkert ikkje gjort samme intrykk i dag verken på meg eller andre.

    SvarSlett
  4. Det er det eg meiner, førsteinntrykket spikrar seg.
    Eg sneik meg inn på Hjortejegeren før eg var 18. Det er nok den filmen som har gjort sterkast inntrykk på meg i heile mitt liv.
    Pompel og Pilt var det teitaste eg visste. Småungar vart skræmde, og visstnok merka for livet.

    SvarSlett
  5. Eg er veldig glad i Grease, kom eg på. Der er nokre filmar ein kan sjå mange gonger sjølv om ein kan alle replikkar og veit alt som skal skje. Etter Sound of music, seint i går kveld, sukka Nummer 3 og sa: "dinna kjøme ej til å sjå monge gonga"...

    SvarSlett
  6. Good blog post. I absolutely love this site.
    Keep it up!

    Visit my website online backup
    Have a look at my web-site :: online file backup

    SvarSlett