onsdag 28. oktober 2009

Indiana Jones med ny "look"

Etter å ha gått utan cowboyhatt i lengre tid, fann Minstemann for nokre dagar sidan ut at han sakna hatten sin. Den var sporlaust forsvunnen, og etter å ha endevendt utkledningsutstyret, fann han ein klovnehatt som no gjer nytta som superhelt-hatt.


Nokre vil meine at Gamla er føreseieleg både når det gjeld turval og val av fotomotiv (sikkert ein del andre ting òg, når sant skal seiast), men ungane var heilt klare i talen i dag: dei ville gå tur til "Trollskogen" og leike "gøyme-og-leite" med hundane. Vi var Indiana Jones med følgje på heile turen innover, men på tur utatt var vi plutseleg romskip som flykta frå hundre flygande skjelett. Ei viss trøyst er det vel at ungane har så mykje fantasi, når mora er så gørr...

4 kommentarer:

  1. Minstemann hadde spurt morfaren etter cowboyhatt i går, men godtok ikkje den som eg har liggande.
    Eg har eit forslag:Du og Minstemann kan skrive bok i lag. Det gjorde Margrethe(?) og Jostein Gaarder då han var liten.Og sjå kva som vart av HAN.

    SvarSlett
  2. Veit ikkje om flygande kjempeskjelett er eigna som barnelitteratur...

    SvarSlett
  3. Sei ikkje det! Men de kan kanskje moderere litt?
    Lurte på om vi kunne få lov å kjøpe hatt+revolverbelte e.l.til 6-årsdagen?
    Vi vaksne likar jo "grøss"-det gjer sikkert ungane også. Trygge "grøss" vel å merke.

    SvarSlett
  4. Ja, det kan de sjølvsagt få lov til. Eg trur det finst jaktgevær òg. I motsetnad til storebroren kan denne guten ha våpen utan at resten aav familien vert skadelidande. Bokstaveleg tala.

    SvarSlett