mandag 19. oktober 2009

Julestemning i finansdepartementet?


I dag ser eg nyheitene på tv med uvanleg stor entusiasme. Den nye regjeringa vert presentert, og tidenes comeback må vel vere Sigbjørn Johnsen, som no skal bli ny finansminister. Han var alltid min favoritt; ikkje så mykje for det han sa, som for måten han sa det på. Dialekten hans gir assosiasjonar til "Snekker Andersen og julenissen", og då vert dei fleste økonomiske problem ufarleggjorde.

Det einaste vi manglar no, er ein helseminister med sørlandsdialekt. Då tenkjer eg det blir slutt på svineinfluensaen. Eg ser i alle fall føre meg ein viss nedgang i stressrelaterte plagar.

2 kommentarer:

  1. Ja, dei må vel gå føre med eit godt eksempel viss dei vi halde på eldre arbeidstakarar i arbeidslivet! Elles framstår han vel som ærlegheita sjølv.

    SvarSlett
  2. Eg har ingen spesielle kjensler når det gjeld Sigbjørn.Men eg kjem til å sakne "Pølse-Hansen" som helseminister.EG blei i alle fall beroliga av å sjå og høyre han.Og så hadde han Snåsamannen i bakhand,då.

    SvarSlett