fredag 30. oktober 2009

King Lear


Eg er genuint og entusiastisk oppteken av både Ibsen og Shakespeare - to av dei største dramatikarane i verdslitteraturen. Dette hjelper på når ein skal vie mykje av livet sitt til å undervise om slikt.

I den eine norskklassen min har vi, som døme på renessanselitteratur, sett "King Lear" på dvd. Den las eg på engelsk mellomfag hausten 1989, og det var kjekt å jobbe med den att. Eg blir enno gripen av Lears såra stoltheit når Cordelia ikkje vil smigre han, og rørt av Edmunds ord i det han døyr. Og så fascinerer det meg at tragedie ligg så nær komedie, og at det ikkje er mykje overspeling som skal til før ein er langt inne i ein parodi.

Eg er ikkje så blåøygd at eg innbiller meg at min entusiasme på nokon måte smittar over på elevane. Dei spurde meg kor lang filmen hadde vore, og eg svara, som sant var, at den var på nesten to klokketimar. "Vakje det meir," sa elevane.

2 kommentarer:

  1. King Lear har eg ikkje lese, men på gymnas la vi opp Macbeth, som eg forstod lite og ingenting av. Det er noko med alderen,kanskje elevane dine er for unge til å sette pris på klassikarane.

    SvarSlett
  2. Ja, det høyrer med til soga at dei fekk ha på norsk teksting - det var trass alt norskpensum...

    SvarSlett