søndag 25. oktober 2009

Korpsbasar


Noko av det eg syntest var mest merkeleg med å flytte på bygda for ni år sidan, var basarpresset. Kvar organisasjon med respekt for seg sjølv har to basarar i året, og det kan fort bli sju - åtte basarar i løpet av eit år, med åresal, matsal og trekking av bok. På korpsbasar blir det sjølvsagt musikalske innslag, og i dag vart det dessutan delt ut medaljar til dei ungane som var med på tur tidleg i haust.

4 kommentarer:

  1. Kanskje det er sunt med litt basarpress? Det som skjer her i metropolen er at ein lett fell utanfor det sosiale livet når ein ikkje har born lenger. I går var det t.d. Hausttakkefest på Frikyrkja, der vi alltid var då de var små. Det store den gongen var å få kjøpe julemannar og limonade.
    Det var forresten tre staute musikarar på bildet. Eg er på "jakt" etter korpsantrekk til deg!!

    SvarSlett
  2. Limonaden på frikyrkja var det beste eg visste. Skal tru kvar den kom frå? Her i bygda er det helst bedehusbasarar. Ingrediensane er dei same, loddsal/åresal og kaffi i tillegg til litt program.
    Ein kjekk måte å få inn pengar på....

    SvarSlett
  3. Elles synest eg at ein basar pr. organisasjon bør halde i ei så lita bygd.Då vert det meir overkomelig.

    SvarSlett
  4. Ja, alternativet er færre organisasjonar... Det verkar litt rart først å kjøpe gevinstar og lage mat, deretter kjøpe årar og mat - det blir fort nokre hundrelappar i utgift. Men så møtest no bygdefolket, og vi får samla inn pengar til organisasjonane. Inntekta til korpset i dag var på over 23000, så det var ein vellukka basar.

    SvarSlett