fredag 23. oktober 2009

Operasjon dagsverk


På skulen vårhar vi Operasjon Dagsverk i dag, fordi den eigentlege datoen passa dårleg inn i systemet vårt. Årets prosjektpengar går til å hjelpe handikappa skuleungdomar i Afrika.

Vi lærarane har planleggingsdag medan elevane arbeider, og mykje av dagen er via til datamaskinen, og dei mirakel den kan utrette. I tillegg kavar vi med å få dei same maskinane til å forstå oss, i og med at vi har innført eit nytt system for føring av karakterar og fråvær. Vi skjønar eigentleg ikkje kvifor, for det gamle systemet fungerte heilt fint.

Eldstejenta deltek ved å bruke dagen til å jobbe på Folkestad skule, der ho mellom anna skal ta seg av Minstemann. Det er sikkert meir givande enn mitt dagsverk (hadde eg hatt litt energi att, kunne eg ha funne på eit ordspel om "makkverk" og "hovudverk"...)

6 kommentarer:

  1. Kom i hug kva ho sa ei av dei no pensjonerte lærarane på Ørsta ungdomsskule:Datamaskina er ein tidstjuv! Og det var mens det enno hadde status å "kunne data".Elles er lærarane som gruppe altfor lydige! Kvifor forandre på system som fungerer?Berre tidstjuveri-tida kunne vore brukt betre. Det er eit stadig tilbakevendande spørsmål som dei fleste lærarar stiller seg sjølv: Kunne vi ikkje fått brukt tida til noko nyttigare?

    SvarSlett
  2. Eg forstår veldig godt frustrasjonen! Av og til føler eg at "dei som bestemmer" vil herse med oss når det gjeld data, nye system på maskina heile tida, som tek tid å setje seg inn i. Når det gjeld fråver i barneskulen, så er det mykje fortare å notere på eit ark, men no gjer eg dobbelt arbeid, for å vere på den sikre sida. På vidaregåande verkar det som om det å føre fråver er ei hovudoppgåve...men det er kanskje nødvendig, men tvilar på at det har så veldig preventiv verknad på enkelete, i alle fall.

    SvarSlett
  3. No har eg forresten bestilt Bagdad Cafe på CDON, er veldig spent på om det går som tidlegare, gamle filmar var best før...Men songen står seg no i alle fall.

    SvarSlett
  4. Reknar med at Lappetausa kjem attende med eit blogginnlegg om filmen!

    SvarSlett
  5. Ja, det må eg... Mange danskar har svart på ei sygruppe eg er med på TSQ, dei fortel at filmen nyss gjekk på tv2 der. Og melodie sit i hovudet på mange, mange prøver å synge, til ektemennene si store fortviling..

    SvarSlett
  6. Når eg er stressa eller frustrert, plar eg synge første linjene i "The sound og music" - DET irriterer Gubben her i huset.

    SvarSlett