lørdag 10. oktober 2009

Påskestemning i oktober











































På veg ned frå Brundalen i dag møtte vi (dei to minste, hunden Bau og eg) nokre hytteeigarar, og vi slo av ein prat om sola, som endeleg tok seg tid til å skine litt på Nordvestlandet. "Det kjennest som å bli fødd på ny", sa ei av hytteeigarane, og det var så godt sagt at eg vel å sitere henne her. Elles trur eg bileta talar for seg sjølv; det er så vakkert i Brundalen, og så mykje å finne på. Bading vart det lite av.

4 kommentarer:

  1. Det ser herlig ut i Brundalen, sjølv om EG ikkje er særlig begeistra for snø i oktober.Ser ut som Bau er det!
    Vi har vore i Vik, det vart LITT luft mellom butikkane.

    SvarSlett
  2. Alltid greitt med snø i "fjellet" - då kan ein oppsøkje den etter ønskje og behov.

    SvarSlett
  3. Artig å sjå at jakka eg strikka til deg for lenge sidan eksisterer enno!

    SvarSlett
  4. Den ikkje berre eksisterer, men er i flittig bruk. Varm og god med dobbel tråd - og så er eg så glad i dei fargane.

    SvarSlett