torsdag 29. oktober 2009

Pinner som Knerten vokser ikke på trær




Det er jammen greitt å ha ungar. Korleis elles skulle eg ha rettferdiggjort at eg ville sjå denne filmen? Merkeleg i grunnen, for eg har aldri vore spesielt begeistra for Anne Cath Vestly (tvert imot). Men filmen har fått mykje omtale, og eg var rett og slett nysgjerrig. Og det var verkeleg ein fin film, med morosame poeng for vaksne i tillegg til fart og spenning for borna.

Før filmen begynte, fekk vi akkurat nok tid til å spurte innom biblioteket og låne den store boka med alle Knertenhistoriene i. Det kan bli mange kosestunder med lesing framover!

5 kommentarer:

  1. Det kjem an på om de ikkje må gå på "knertejakt" neste gong de er i skogen?
    Hugsar då bror din fekk ei bok om Knerten til jul og eg skulle lese høgt til dokke ungane. Det enda opp med at både faren og mormora vart sittande å lytte også. Så noko må det vere---

    SvarSlett
  2. Ja, som sagt var eg aldri så begeistra for Anne Cath, men bøkene kan no vere gode. Psoblemet var kanskje at ho vart samanlikna med den langt dyktigare Astrid Lindgren.

    SvarSlett
  3. Det er klart. Men det kan også vere måten ho las på...

    SvarSlett
  4. Eg likar ikkje når vaksne snakkar til ungar med tilgjort barnsleg stemme.

    SvarSlett