lørdag 31. oktober 2009

Ut på tur i full mundur




I dag var det litt meir overskya enn vi har vore vane til i det siste, men mildt og fint turvêr. Også i dag prøvde eg meg med ein del spenstige forslag til turmål, men dei to yngste var klare på kva dei ville. Det enda altså med at Gubben kjørte oss til enden av skogsvegen, og så gjekk vi heimatt (ein tur som vanlegvis tek 45 minutt når eg går aleine, men som vi glatt bruker to timar på når vi skal leike Indiana Jones, "gøyme-og-leite" og flukt frå kjemper og skjelett).


Det er forresten svært praktisk med kamuflasjeklede når ein skal gøyme seg i skogen (sjå illustrasjonsfoto), men Indianas nye frisyre er ikkje så praktisk.

Minstemann bestemte i dag at vi alle skulle få velje oss nye superkrefter, men han godtok verken mine eller Nummer 3 sine forslag utan vidare. Til slutt enda eg opp med "fripant-krefter".

4 kommentarer:

  1. Ja, det raude håret til Indiana er ikkje lett å skjule ! Heller ikkje dei raude kleda til nr.3.Treng Indiana ev.nye kamuflasjeklede?

    SvarSlett
  2. God idé! Spesielt den gensaren begynner å bli liten...

    SvarSlett
  3. Eg håpar elles at blogglesarane får med seg den nøye innøvde Indiana-posituren.

    SvarSlett