tirsdag 20. oktober 2009

Viva Volda












Vi har visst gjort det til ein tradisjon med våre internasjonale tysdagstreff. I dag var dei tre eldste og eg på Viva Volda; noko så sjeldan som ein italiensk restaurant driven av tyrkarar. Sidan vi hadde ete pizza både fredag, laurdag og søndag, var valet av mat veldig enkelt. Ein stor pizza var nok til oss fire, og varianten heitte Roma (utan sopp).

6 kommentarer:

  1. Det hadde no vore kjekt om vi også kunne fått vore med på eit tysdagstreff ein gong. Kanskje det hadde lønt seg også! I dag passa det ikkje, men kanskje ein annan tysdag?
    A. var veldig fin i dei nye kleda sine!

    SvarSlett
  2. Å! No kjende eg att restauranten. Den skiftar stadig namn.Trur den heitte La Paz den gongen du fekk flambert kjøtt der?

    SvarSlett
  3. Stadig vekk namneskifte, ja. Det heitte vel noko med viking i min ungdom. Hugsar ikkje heilt. La Paz var min favoritt, og så Gamle ØL i Ørsta. Det var då fløtegratinerte poteter var noko nytt og spennande. No er det berre godt...

    De er velkomne kva tysdag som helst - poenget er at Eldstejenta møter systera på kaia 14.30 fordi eg er på jobb til 15.00. Når vi så begynner å legge planar, inkluderer vi like godt broren også. Og så har vi det gåande.

    SvarSlett
  4. Fine kle! Det med neglelakken høyrest normalt ut! Her i bygda har vi også hatt italiensk restaurant/pizzarestaurant driven av tyrkarar, men den mest populære pizzarestauranten er driven av tamilar.

    SvarSlett
  5. Det lille Napoli er rekna for å vere den beste(pizza)restauranten i Ørsta.Trur det er italienerar som driv den, men kanskje dei er tyrkerar?Trur eg har ete pizza av alle nasjonalitetar rundt omkring i Norge og Sverige. Øland leiar, så langt!

    SvarSlett
  6. Eg er litt lei av pizza no, kjenner eg, men dagens var god. Med bernaise sklir det meste ned :)

    SvarSlett