onsdag 7. oktober 2009

What to do on Tuesday




Tysdag gjekk vi rundt og kika og shoppa på føremiddagen, før vi møttest ved Trafalgar Square og tok ein publunsj på Silver Cross. Eg valde, som sist eg var der, "today's pie and mash" og ein pint Guinness.

Etter lunsj tok vi ein runde med turistbuss - det var ikkje så kaldt, men det var litt regn og vi fekk litt vind i håret.

Om kvelden hadde vi ein skikkeleg damekveld med Mamma Mia-musikal og eit lite avskilsmåltid på Leicester Square.

2 kommentarer:

  1. Sånn sightseeingbusstur kunne eg ha tenkt meg.....

    SvarSlett
  2. Ja, det er ein fin måte å få oversikt på. Elles er eg stor fan av undergrunnen i London!

    SvarSlett