søndag 2. mai 2010

Andre bollar når gjengen kom heim

I går kveld fraus eg ned to posar med bollar. Det er slikt som er kjekt å ha i hus, tenkte eg. Men så skulle Eldstejenta heim til hybelen sin, og då måtte ho få med seg ein pose med bollar dit. Og dei tre yngre søskena gjorde sin entré med spørsmålet: "e her fleire bollar?" (dei hadde lese bloggen min og var orienterte om bakinga). Så då var det berre å setje på steikomnen og varme siste rest av bollane medan ungane dusja, og så vart det kosestund framfor tv'en. I morgon skal dei få med seg kvar sin bolle som skulemat, men så er det bollefri sone ei stund, trur eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar