Handlinga i denne nye filmen om Robin Hood handlar om tida før legenden begynte. Her er flust av klisjéar og nesten parodiske element, og valdsscenane er mange og spekulative. Likevel har filmen nok humoristiske innslag til at til og med eg, som hata "Gladiator", syntest det var ei positiv filmoppleving. Russel Crowe er berre det mest macho ein kan tenkje seg, og Cate Blanchett er overtydande som Marian, sjølv om den rollefiguren er noko overdriven positiv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar