torsdag 20. mai 2010

Dancing in the park

Neste helg er det ballettshow igjen, og i dag tok dei like godt øvinga ute i rådhusparken i Volda. Musikken dei dansa til var "Here comes the sun" - kan de tenkje dykk ei betre stadfesting av at våren endeleg er komen for alvor?

3 kommentarer:

  1. Det høyrest henrivande ut! Gler meg til framsyninga.Eg elskar Beatles-musikk!

    SvarSlett
  2. Det såg veldig fint ut, og eg ser fram til showet, sjølv om det kunne ha vore ein freistande tanke med uteshow. I alle fall viss det ikkje regnar eller snør.

    SvarSlett
  3. Det er dessverre meldt dårlig ver på sikt-vanskelig å planlegge uteaktivitetar på våre kantar av landet.

    SvarSlett