søndag 2. mai 2010

"Havfrue" eller "Kvitveispike"?

No synest kanskje nokre blogglesarar at eg er blitt noko i overkant sjølvoppteken. Saka er at Eldstejenta og eg driv med litt hyperaktiv fotografering, og at ho i dag nekta meg å legge ut bilete av henne frå turen vi gjekk på. Derfor legg eg ut bilete av meg sjølv igjen.

Dagen begynte med at eg jobba i godt og vel tre timar medan Eldstejenta sov. Eg hadde lova henne at ho skulle få sove så lenge ho ville, og det vart veldig lenge.Etter at ho hadde ete frukost, gjekk vi eit godt stykke etter vegen, før vi gjekk ned til sjøen på veg heim. Hestehoven såg noko fuktig og avblomstra ut, men kvitveisen står fint no. Det er vår, trass i at nokon har sagt at det berre var to varmegrader i dag tidleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar