torsdag 13. mai 2010

Himmelsk Himmelfartsdag

I dag skein sola så fint at det var hardt å motivere seg for stilretting. Med litt fantasi og innsatsvilje fekk eg rigga meg til med utekontor i hagen, og då gjekk rettinga som ein draum.

Jentene kom ut på ettermiddagen, og då gjekk vi ein tur ned i fjøra. Sjølv har eg i tillegg teke meg tid til å gå både morgon- og kveldstur, for rastløysa er uuthaldeleg. Bunke nummer 4 er no "grovretta", dvs at eg har lese korrektur på alle svara. No står det att å lese gjennom, skrive kommentarar og setje karakterar før eg kan kaste meg over den aller siste bunken før eksamenssvara kjem sendande...

1 kommentar:

  1. Ja, det har vore ein nydelig dag og endelig godt og varmt. Håper de kjem innom på heimvegen i morgon?Ha ein fin mallwaking day !

    SvarSlett